Page 51 - pesta2015_Supplement
P. 51
Side 51 -pest-POSTEN
DIKTSPALTEN.....
slik jaga heksene i hælen på merra som var
meir enn fælen.
Å Mons, å Mons dei kvesser klørne! No stei-
kjer dei deg snart på glørne!
Og kva skal kjerringkroken tenkje som snart skal
bli så ung ei enkje?
Vis kva du kan no, merra mi! For når vi berre
brua, vi,
så er vi berga ein gong enn; dei eig kje makt der
vatn renn.
Ja, merra, stakar, visste vel ho hadde Dordi hakk
i hæl
at just no stod det til henne om Mons i elden
skulle brenne.
Ho flekte tenner, strekte nakken, og fire høver
small i bakken
og med ei gasta byks dei stod berga på brua,
Mons og ho.
Men innpå stranda, vill og galen, stod Dordi att
med merrahalen.
Kvart ord er sant som her er sagt, og mann og
moders son, gjev akt:
når hugen står til øl og drykk, når serketauser
freistar dykk,
så hugs det er ein fårleg dans. Tenk på han Mons
og merra hans!
- Bjørn Myrvang

