Page 46 - pesta2015_Supplement
P. 46

-pest-POSTEN                        Side 46


                     DIKTSPALTEN 2011-4




              Hartvig Kiran (1911-1978)






























        I byrjinga av november i år  var det fleire minnearrangement kring i landet i samband med
        at det var 100 år sidan Hartvig Kiran vart fødd. ”Diktspalten” vil óg vera med å feira minnet
        om dette multitalentet frå Ålesund. Vi, som er litt opp i åra, hugsar vel den omtykte stemma
        hans frå radioen, men han rakk så mykje meir enn å vera NRK-mann. Han gjorde ein stor
        innsats på mange område i det norske kulturlivet. Ikkje skal vi lista opp alle oppgåvene han
        tok på seg, men det må nemnast at han mellom anna i fleire år var leiar av Norsk kulturråd
        og av Norsk Mållag. Her i spalta skal Kiran minnast fordi han var ein dyktig forfattar av av
        songar og dikt, og fordi han var ein omsetjar av ypparste sort. Mange av songane han har
        dikta eller omsette vert syngi  i gode lag, men berre få av dikta hans er publisert. Eg tykkjer
        minnediktet hans om Jacob Sande kanskje er det vakraste minnediktet eg veit om, og eg er
        viss på at lesarar som kjenner livssoga og dikta til Sande, er samde med meg.
        Men det er som omsetjar Kiran har hausta mest heider.  Han har omsett skodespel og dikt
        av mange utanlanske forfattarar, og døme på det har vi prenta i ”diktspalten” tidlegare. Men
        Kiran har ikkje før vori presentert her i spalta. Om du tek for deg  ”Tam o’Shanter” av Ro-
        bert Burns og samanliknar med Kirans nynorske omsetjing, så kjenner eg meg trygg på at
        du, som meg,  vil meine det er stor omsetjingskunst. Ta deg difor tid til å lesa deg gjennom
        det lange diktet. Det vert sagt at Kiran leste opp diktet då han vart teken opp som medlem
        i ”Visens venner” tidleg på 1960-talet. I diktet syner Kiran oss si makelause evne som om-
        setjar, men óg kor rikt eit skriftmål  nynorsk kan vera. Det er ei eingongshending at vi finn
        plass til eit så langt dikt i spalta vår.
   41   42   43   44   45   46   47   48   49   50   51