Page 55 - pesta2015_Supplement
P. 55

Side 55                -pest-POSTEN




                                          Ruba’iyat


             Kvar minste stund dei kallar ’no og her’
              Er god så sant du nyt ho før ho fer!
              Hugs, alt du kallar ditt i denne verd
               Er borte, straks du ikkje lenger er.

                Velsigna denne dag når lufta skin
                  Og mild vin rører blomeeng og lin;
                   Til rosa ropar nattergalen ør:
                    ”No er det tida til å drikka vin!”

                   Kvi syter du så sårt for syndi di?
                  Gjer ikkje nåden deg for syndi fri?
                 Var ikkje nåden større enn vår synd,
                  så var kje nådens herre meir enn vi.

                               Eg ville byggje meg eit visdomshus,
                                 men sorg og tvil la murane i grus.
                                Då bytte eg min visdom i ein song,
                                og selde tuft og tømmer for eit krus.

                                           Dei blad som sprang om våren, hausten skok,
                                                kor mange blad er att i livsens bok?
                                            Drikk vin! Ein vismann sa: ”Mot livsens gift
                                                 eg vin og inga anna motgift tok.”

                                               Gjev fjellet vin, og fjellet dansar fritt!
                                              Om einkvan vantar vin, då lån han litt!
                                          Du bed meg lata det gjev staupet stå, men hugs,
                                                 at berre dết gjev ljos til livet mitt!

                                                Hus, mat og klede får du ikkje fritt,
                                                for dette er det rett og streva stridt,
                                               men aldri strev for meir enn du treng,
                                                  for det vil kosta dyre livet ditt.

                                                           BM
                                                          - Bjørn Myrvang
   50   51   52   53   54   55   56   57   58   59   60