Page 57 - pesta2015_Supplement
P. 57

Side 57                -pest-POSTEN





         DET VAR EINGONG (1947)

         Det var ei lita bjørk                 Men den som har komi, veit vegen.
         som hadde fått lov på nytt lauv       Kjenner det eine viktige hakket
         midt i mai.                           å sette foten i.
         Ho var mest ikkje nedpå jorda         Kjem opp på åsen og blir lykkeleg
         for den skuld                         ved å sjå vegen lenger framover.
         og fordi ho var så grann.             Legg seg til kvile på åsen
                                               og ventar selskap.
         Det kom som lova òg,
         ein mai vind.                         Der møter dei fram, som vennlege rådgjevarar,
         Han gjorde henne ør                   dei som før har fått si form.
         og søt i borken                       Vi synest vi kan tale med dei om
         og sår i alle knuppar.                dei løyndaste ting,
         Ein fugl kom sette seg                medan vi sit spikkar på en pinne
         på naken kvist                        med ein liten kniv.
         og sa det var no –                    Vi er samla allesaman. Det veit ikkje nokon,
                                               og får heller ikkje visst det.
         Ho visste ingen ting                  Vi spikkar pinnar og stikk i marka
         denne dagen.                          og talar om ting til sol går ned.
         Men då det vart kvelden
         stod ho med tunne grønnfargar         Sidan, etter som skymninga sig nedover oss,
         over nakent og grant.                 veit vi meir:
         Rar og omskapt.                       Vi må gå i mørkret,
                                               i store slyng og sving.
         Ør og levande.                        Vi talar ikkje eit ord lenger.
         Ho løyste seg sakte.                  Tala vi, ville vegen søkke.
         Vart heilt fri for røter, trudde ho.
         Siglde som eit ljosgrønt slør over åsen.  Men det å koma fram tør ingen nemne.
         Borte frå denne staden for alltid     Det må gå for seg på den vide plassen
         - trudde bjørka.                      der klare kuplar strøymer saman
                                               frå alle fire leier,
         **--**                                og går over i einannan
                                               i veldige, klare rom
                                               utan å vita det, utan å ville det.
         VEGEN (1970)                          Då er ein framme
                                               og er ikkje meir.
         Spora viser ikkje.
         Står ikkje stempla i sølepyttar
         eller dike.                                                      - Signe Ringertz
         Foten har vori lett.
   52   53   54   55   56   57   58   59   60   61   62