Page 62 - pesta2015_Supplement
P. 62
-pest-POSTEN Side 62
DIKTSPALTEN 2013-3
Franςois
Villon
(1431-64)
Franςois Villon er den mest namngjetne franske diktaren i siste del av
mellomalderen. Han vart fødd same året som Jeanne d’Arc vart brend på
bålet i Rouen. Etterordet i boka, som teksten i dette nummeret er henta frå,
har overskrifta: Franςois Villon: Fengselsfugl, galgefugl og diktar. Det seier
mykje om han. Som diktar høyrer han til verdslitteraturen, ikkje minst fordi
det han skreiv, speglar eit mangslunge og kløyvd diktarsinn. Samstundes gjev
han eit fargerikt bilete av den tida han levde i. Brutalitet og vare kjensler,
skadefrygd og hat, fleip og hån, kvinneforakt og kjærleiksytringar er nokre
av elementa ein finn i diktinga til Villon. Hans E. Kinck skreiv at ”Villon
reiser seg som en veldig susende cypres mot himmelen” i verdslitteraturen
I uvanleg grad er diktinga knytt til det mildt sagt omtumla livet diktaren
førde, alltid på flukt, bort frå fengsel, bødlar og torturkammer. Og noko langt
liv fekk han ikkje. Livet til Villon og diktinga hans er utan tvil uløyseleg
bundne til kvarandre..
Dei to balladane som her vert presenterte, er henta frå ”Testamentet og
Spreidde balladar”, gjendikta av Harald Gullichsen, utgjevi på Villanden
forlag 2010. Boka er ikkje berre ei gjendikting, men Gullichsen har òg skrivi
eit leseverdig føreord og eit etterord over mange sider. I tillegg gjev han ei
rekkje opplysningar som forklarer teksten ut frå hendingar i livet til Villon og
i tida han levde. Til slutt kjem ei utgreiing om vers, strofer og rim som Villon
brukte. Interessant lesing, om du er liker å lesa den slags. Vi takkar forlaget
for at dei gjev oss lov til å trykkja balladane i pest-POSTEN. - B. M.

