Page 54 - pesta2015_Supplement
P. 54

-pest-POSTEN                        Side 54


                     DIKTSPALTEN 2012-2










                                                Omar


                                                Khayyam





                                                (1048-1131)








           Mange vil  vel  meine  at  det  no er på tide  at  ein  diktar  frå Asia vert  presentert  i
           ”Diktspalten”. Vi har valt Omar Khayyam, som levde i Persia for om lag 1000 år sidan.
           Han var ein særs evnerik mann med vide interesser, og i samtida var han ein akta og
           kjend matematikar, astronom og filosof. Han laga mellom anna ein kalender som var
           i bruk i fleire hundre år etter han døydde. Diktaroppgåva, som vi no mest kjenner han
           for, var noko han dreiv med på fritida.
           Den litterære produksjonen hans bestod i alt vesentleg av dikt med fire verselinjer. Han
           brukte ei verseform som på persisk vert kalla roba’i, der fyrste, andre og fjerde linja har
           enderim, medan tredje linja har ei fri ending. Ei heil mengd med dikt, bortimot 2000,
           har fått namnet til Omar Khayyam knytt til seg, men granskarar har komi fram til at
           kanskje berre ein tidel er sikkert dikta av han.
           Mange stader i verda er det stifta Omar Khayyam-klubbar, og sume av lesarane kan
           ha treft på restaurantar som ber namnet til poeten. Årsaka til det siste er nok at han i
           mange dikt  lovpriser den gleda som vinen gjev.

           Dikt av Omar Khayyam kom ut på norsk fyrste gong då Aleksander Seippel i 1912
           omsette og gav ut ”Persiske vers”, og i 1923 kom samlinga i ny og utvida utgåve. Så
           gjekk det mange år før omsetjarmeisteren frå Voss, Johannes Gjerdåker, kom med
           ”Ruba’iyat” i 1997 og no att i 2012. I dei utvalde versa nedanfor finn du dikt gjendikta
           til norsk av Seippel så vel som av Gjerdåker. Kvart vers skal lesast for seg - det er ingen
           direkte samanheng mellom dei einskilde versa. Les dei, og du kjem kanskje til at det
           som vart skrivi for 1000 år sidan, framleis kan ha noko å seia oss -  no i 2012?
   49   50   51   52   53   54   55   56   57   58   59