Page 13 - pest-POSTEN nr 2, 2002
P. 13
Side 13 -pest-POSTEN
«Ha tid til slutt»
Kor ville augo dine var då eg såg dei sist!
Stolen støtta ryggen din, men hovudet ditt
kneisa vilt som hovudet til ein fugl
som skal til å eta.
Augo dine trygla utan den vanlege
trongen til å dominera.
Du må ha sett nokre tre utanfor vindauga,
dei vindblåste lauva som fall.
No er dei augo lukka.
Har me nå tid til slutt til kvarandre ?
Har du tid til meg ?
Kva nytte var det i at
me såg så nøye etter for å unngå
fasanreira når me slo,
eller steinar når me pløgde?
Augo det har me begge funne ut,
er også for gråt.
Eg legg handa mi på brystkassa di.
Bringa di er tynn under likkledet,
eit kyllingbryst under handa mi.
Kjenner du at eg solar meg
i mi makt når eg legg handa på brystkassa
di? Ei røyst seier til meg: «For nå er det du
som er den som står........... »
(Gjendiktet av Helge Torvund)
Bjørn Myrvang

