Page 23 - pesta2013_3
P. 23

Side 23                 -pest-POSTEN



        Sluttballade


         Her tek det testamentet ende
         som Francςois Villon har gjort.
         Kom til hans jordeferd kvar frende
         når han til klokkeklang går bort.
         Sky svart, ta raudt ved kyrkjeport:
         som kjærleik martyr støtt ha gjeld,        Ballade om laust og fast
         det svor han ved sin pung så fort,
         før han med verda tok farvel.              Eg skil bra kar frå bedragar

         Av løgn ha lét seg ikkje blende,           og mann frå mann  på klednad-art,
                                                    og ruskevêr frå godvêrsdagar
         med hat dreiv jentene han bort.           og epletre på blom og kart.
          Det ville helst med hat han skjende,     På tre har sevja ulik fart
          han skulle lide elskhugs tort.           og einskapen i alt synst vel,
          Og trøyetrevlar gav rapport              ein slit og ein er lat og smart.
          langs stig og kratt om flukt kvar kveld,
          og koftefiller låg i lort                Veit alt – meg sjølv det ikkje gjeld.
          før han med verda tok farvel.
                                                   Og trøyer kjenner eg på kragar,
          Ja, slik lét lagnad’n dette hende:       og munk på kutta, lang og svart.
          i trasar døydde han, forgjort.           og herren på hans våpendragar,
          Men som av tunga i ei spenne             på sløret nonna, fin og sart,
          slik vart han stukken, klødd og klort    ein narr på rikdom han har spart.
          av Amors brodd i lystmørk ort,           Og tjuvemålet er mitt hell,
           og det mens livet var på hell!          på fat eg kjenner vinen snart
           Eit under at han fekk det gjort         Veit alt –meg sjølv det ikkje gjeld.
           før han med verda tok farvel.
                                                   Eg kjenner kløv som gneg og plagar
           Så byrg som raudsvart falk flyg bort,   eg skil greit hest frå muldyrart,
           høyr fyrste om hans siste sprell:      og kvinner som på venleik klagar
           ein stor slurk rødvin drakk han fort,    og natt frå dag så fin og bjart
                                                  og brikker for kvar rekningsart.
                                                  Eg ser husittars kjettarsprell
                                                  og romersk maktspel løymd og rart
                                                  Veit alt – men meg sjølv det ikkje gjeld.


                                                  Å fyrste, alt er klårlagt, bart:
                                                  ei likbleik hud – og sminka grell,
                                                  og Dauden tek oss alle snart.
                                                  Veit alt – meg sjølv det ikkje gjeld.
   18   19   20   21   22   23   24   25   26   27   28