Page 15 - pest-POSTEN nr 3, 2001
P. 15

-pest-POSTEN                       Side  15





                                               DIKTSPALTEN







                           Haldis Moren Vesaas (1907 - 1995)


        Det er mest merkeleg at ikkje nokon av lesarane har protestert for lenge sidan. Ikkje kan det
        vel skyldast at «Diktspalten» ikkje blir lesen ? Kan forklaringa vera at kvaliteten på spalta
        har vori så høg at ingen har reagert på at kvinnelege poetar har vori dårleg representert i
        spalta ? Men i alle fall – denne gongen presenterer vi ei kvinne og hennar dikt. Og eg har
        valgt Haldis Moren Vesaas, som har mange leserar, og som fekk mange prisar og annan
        heider medan ho levde. Ho var trysilgjenta frå Moren, som budde meste av livet i Vinje,
        men som likte seg best i Oslo etter at mannen Tarjei døydde i 1970. Ho skreiv romanar og
        «minnebøker», omsette teaterstykkje og annan framandspråkleg litteratur og var ein verdfull
        kulturarbeidar på mange vis. Men i «Diktspalten» er det sjølvsagt lyrikaren Haldis Moren
        Vesaas vi heidrar.
        Då NFIM fylte 25-år, peikte redaktøren på det faktum at mange infeksjonsmedisinarar er
        på rask veg mot pensjonsalderen. For den einskilde tyder det å gå inn i ein livsepoke med
        endra innhald i livet. Det kan verta rike år med gleder og nye utfordringar –  serleg om helsa
        er bra. Haldis Moren Vesaas var aktiv på mange vis mest til ho gjekk i grava, og i fleire dikt
        reflekterer ho over gleder i alderdomen, men óg over plager ho opplevde, når åra og sjukdom
        tok til å tæra på ein gamal kropp. Her er nokre korte smakebitar med spesiell helsing til
        lesarar som er pensjonistar, og til kollegaer som veit at åra går fort fram til at arbeidsgjevaren
        stenger døra.
   10   11   12   13   14   15   16   17   18   19   20