Page 14 - pesta2008_1
P. 14

Pposten:Layout 1  13-03-08  10:07  Side 14





               -pest-POSTEN                       Side  14





                                  DIKTSPALTEN





                    Pål-Helge

                     Haugen


                     (1945- )






               Litteratursoga inneheld namn på mange lækjarar som har vori gode prosaforfattarar. Namn
               som Francois Rabelais, Arthur Conan Doyle, Anton Tsjekov, William Somerset Maugham,
               Nawal El Saadawi og Michael Bulgakow er sikkert velkjende for mange. Skal ein liste opp
               kollegaer som har skrivi poesi, vert lista derimot kort. Men ein av dei som må nemnast er utan
               tvil Paul-Helge Haugen frå Setesdal.

               Han var fødd i Valle i 1945, og tok medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Oslo på
               slutten av 1960-talet. I studietida gav han ut fleire bøker, og var eit viktig medlem av Profil-
               krinsen. Då han var ferdig med studiet, var det klart for han at det var skald han skulle bli og
               ikkje lækjar.
               Gjennombrotet som forfattar fekk han med boka «Anne» i 1968, som er blanding av prosa og
               poesi. Boka gav han ut saman med målaren Jens Johannessen. Samarbeid med andre kunstnarar
               har og sidan vori eit særmerke for Haugen. I ulike prosjekt har han samarbeidd med bilet-
               kunstnarar, med forfattarar, med komponistar og med ein keramikar.

               I diktarverksemda si har Haugen vori mangslungen. Hugen hans har stått mest til poesien, og
               han har gjevi ut ei rekke diktsamlingar, som han er heidra med mange prisar for. Men i tillegg
               til lyrikken har han mellom anna òg skrivi for opera og teater, og dessutan har han skrivi fleire
               barnebøker,

               Diktet nedanfor er frå samlinga Steingjerde utgjeven på Det norske samlaget i 1979. «heim frå
               amerika» fortel oss at det var nokså vanleg at folk frå Setesdalen drog til Amerika og vende
               heim etter nokre eller mange år. (I heimbygda mi var ikke det vanleg, men eg hugsar vi mest
               såg ei liknande endring hos gutar som på 50-talet kom heim etter å ha vori til sjøs nokre år. Dei
               hadde underlege slips og andre uvanlege klede, i håret var det raust med brylkrem, og dei
               snakka ikkje slik dei gjorde då dei drog ut).

               Pål-Helge Haugen er og kjend som omsetjar, særleg av japanske haikudikt og kinesiske dikt.
               Difor finn du óg en smakebit på haikudikt i «diktspalten» denne gong.
   9   10   11   12   13   14   15   16   17   18   19