Page 24 - pest-POSTEN nr 2, 2004
P. 24

-pest-POSTEN                        Side  24


                            DIKTSPALTEN




           Olav Nygard ( 1884-1924)

           I år det 120 år sidan ein av våre store lyrikarar vart fødd og 80 år sidan han døydde,
           berre 40 år gamal. Han døydde av tuberkulose, som mora hans gjorde-og ungdoms-
           kjærasten hans med.
           Ikkje rart at mykje av diktinga hans krinsa kring døden, men diktet vi har valt å
           presentera, er ikkje av det slaget, men det er tydeleg merka av naturen han hadde
           kring seg i oppvekståra på den vesle og einbølte garden Nygard i enden av Modalen
           med Stølsheimen bakom.

           Olav Nygard hadde på mange måtar eit vanskeleg liv prega av sjukdom og fattig-
           dom. Tuberkulosen sleit han med i 11 år før han døydde. Dei fire små diktsamling-
           ane han skreiv, hadde han problem med å finna utgjevarar til, og få var interessert i
           å lesa dikta hans. Men i dag jaktar mange boksamlarar på desse bøkene, som må
           reknast som klenodium.
           Det var først på 1950-talet at ein vart skikkeleg merksam på Olav Nygard i norske
           litterære krinsar. Noko hadde det å seia at Claes Gill sa og skreiv at ”hadde Olav
           Nygard skrevet på et verdenssprog  - ville han hatt rang som en av verdens-
           litteraturens store lyrikere”. Seinare har samleutgåver av dikta  til Nygard vorti
           prenta i relativt store opplag, og i år har Asbjørn Aarnes gjevi ut ei bok om vest-
           landsdiktaren. I tillegg til si eiga dikting, omsette og gjendikta Nygard òg nokre av
           dikta til Robert Burns; imponerande gjort av ein modaling med mager utdaning.

           Mange vil nok meine at  Nygard skreiv
           vanskelege dikt, og sume av dikta om
           døden kan det vera lett å leggja frå seg.
           Men det einaste vanskelege med diktet
           som er attgjeve her, og som kanskje er
           hans mest kjende, er einskilde dialekt-
           ord frå Nord-Hordaland. Har du
           problem med dei, får du kontakta han
           som har ansvar for diktspalta - eller
           kanskje du kjenner nokon frå heim-
           traktene til Nygard?
           Diktet er frå diktsamlinga ”Ved
           vebande”, som kom ut i 1923 - året før
           forfattaren døydde.
           ~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~
   19   20   21   22   23   24   25   26   27   28   29